top of page

Historie 

Foldrøy har ei mangfaldig og interessant historie. Dette er dokumentert ved steinalderfunn og arkeologiske-funn frå seinare tidsepokar. Mykje av dette er bevart på Bergen museum, men det finnes nok steinalderfunn, flintøksar og pilspissar, i enkelte heimar på Foldrøy.

Tekst av Jan Willy Folgerø-Holm og Sissel Høisæter

Steinalderen

Steinalderfunna viser at det har vore stor aktivitet i og rundt det som me i dag kallar Foldrøyvatnet. Det er nærmast delt i to og har difor to namn, Hamnavatnet og Bakkavatnet.

I steinalderen var dette salt sjø, og me kan tenka oss kor fin og skjerma denne «laguna» har vore med det smale innløpet i Foldrøyhamn.

Steinalderlandskap.png
Foldrøyskipet_._Teikning.png

Foldrøyskipet

Sumaren 1958 blei det oppdaga noko som kunne vera eit skipsvrak rett utanfor kaia i Foldrøyhamn.

Det vart dykka etter materiale som kunne tidfesta vraket. På denne måten kunne ein også danna seg eit bilete av storleiken.

Truleg var skipet eit fraktefartøy frå tidleg 1440 talet. I 1965 blei vraket teke opp og rekonstruert så langt det var mogelig, og ein har komme fram til at skipet må ha vore om lag 20-22 m langt (ca 70 fot) og 6 meter bredt. Restane ligg på Sjøfartsmuseet i Bergen.

Handelstaden

Også Foldrøyhamn har ei lang historie.

Det har vore bustnad i Foldrøyhamn sidan 1645. Bruket heite då Under-Flatens.

Sidan den gongen har det vore 22 eigarar, fem av dei i nyare tid (frå 1900).

Det var sannsynligvis ein Heinrich Jochumssom Piil (eigar nr 5) som fyrst hadde gjestgjeveri der.

Dette var ei verksemd dei fleste eigarane seinare førde vidare, men Fredeik Julius Wennech (eigar nr 14) var truleg den siste som dreiv som gjestgjevar til han selde i 1879.

Der har vore butikk, bakeri, sildesalteri, røykeri, dampskipsekspedisjon og postkontor.

I 1943 var det dramatikk då den store sjøbua brann. Ein måtte då konsentrera seg om å berga dei andre husa, noko som dei greidde på uforklårleg vis.

Foldrøy_rundt_1900_-_DS_Sunnhordland_ved

Kommunikasjon og post

I 1877 vert det oppretta Follerøen postkontor. Det var samanhengande i drift til 31.12.1994. Om lag samstundes vart det dampskipsstogg der, 35 år før det var fast stogg i Rubbestadneset.

Også denne dampskipstoggen var samanhengande til utpå 1980 talet.

Foldrøyholmen

Også Foldrøyholmen har hatt ein interessant historie og mange eigarar, heile 18 fram til 1963 då Holmen vart fråflytta.

Den fyrste som busette seg der var Christen Jørgensson Arilds. Han skal ha komme dit rundt 1707.

Han var Tollvisitør, denne verksemda hadde dei ulike eigararane heilt fram til 1800 då tollstasjonen var flytta til Mosterhamn. Holmen vart av den grunn også kalla Visterholmen.

Busetnden var då på austsida av Holmen.

I 1863 kjøpte Jakob Nilsson Hovstad Holmen, og den har sidan vore i eiga til etterkommarane hans.

I 1903 selde han Holmen til son sin, Jakob Folgerø-Holm (eigar nr 16). «Jakob i Holmen» var steinhoggar og murar, og dreiv med kaibygging. Han dreiv også med hermetikk (krabbe), sildesalteri og røykeri.

IMG_8654jarngrinda.JPG

Fyrklubben

Fyrklubben (mellom Sørvik og Habm) var skild ut og seld til Fyrvesenet frå dåverande eigar Magnus B. Magnusen i 1855.

Fyrvesenet bygde ein fyr der med fyrvaktarbolig etc. Fyret blei erstatta av ei fyrlykt i 1887,

Eigedommen blei seld til oppsitjarane vest i Bakken i. Deler av fyrbygningane blei flytta og nytta til å byggja på bolighuset der. Også Jarngrinda på snarvegen over Foldrøy kjem frå fyreigedommen.

Foldrøy_fyr_IMG_23781.jpg

17. mai på Foldrøy: eit tilbakeblikk

Under korona-isolasjonen i 2020 fekk eg  (Jan Willy Folgerø-Holm) den ideen at eg skulle prata med nokre eldre Foldrøyfolk om korleis ein feira 17. mai før. Dette var svært interessant, eg fekk mange småbitar av ein barndom og ungdom som for mange er ukjent. Dette gav meg eit bilete heilt attende til 1930. Dei femten tidsvitna var i såpass høg alder at det var på tide å intervjua dei. Dei hadde alle hatt sin oppvekst på Foldrøy og Mækjebakken. Nokre er busette her på øya, men fleire er spreidde rundt om i Hordaland. På dei tre åra som har gått har seks av dei gått bort. 

Tidsvitna var :

  • Jakob Folgerø-Holm (87)

  • Nils Andreassen (85)

  • Solveig Stokka (92) (f. Folgerø-Holm) Død

  • Margot Ekornsæter (92) (f. Åsheim) Død

  • Margrete Høisæter (90 f. Folgerø)

  • Ivar Karlsen (90) Død

  • Tormod Folgerø (86)

  • Marta Eriksen.(97) (f. Watne)

  • Isak Solheim (87)

  • Helga Haslebakke (85) (f. Karlsen)

  • Aslaug Flateråker ( 97) (f. Bjørkelund)

  • Borgny Sande (88) (f.Solhaug) Død

  • Berly Frimannslund (90) (f.Vareberg) Død

  • Øyvind Glittenberg (81)

  • Leif Folgerø (91) Død

Den fyrste organiserte 17. mai på Foldrøy skal ha komme i stand etter initiativ frå Skipperen og Kjøpmannen Jakob Terkelsen. Han eigde Foldrøyhamn og dreiv butikken der i ein 8 års periode frå 1924 til 1932. Han budde i Foldrøyhamn nokre år etter at han hadde seld butikken til Herman Folgerø, og han ferierte også fleire somrar i Bakken hos Per Watne.

Det er litt uklårt kva år 17. mai arrangementa på Foldrøy tok til, sidan det er berre eit tidsvitne frå den tida. Ho kan hugsa at det var 17. mai- feiring då ho byrja på skulen 1930. Slik kan ein tidfesta det til ein stad mellom 1924 og 1930.

Jakob Terkelsen var nok ein stor Norgespatriot som fekk i stand 17. mai feiring med patriotiske talar og 17. mai tog som gjekk til Mækjebakken og attende.

Dei fortel at Terkelsen var ein lettliva Bergensar som gjekk i spissen for toget og at han ropte hurra for alt han såg på vegen. Ein tidsvitna kan hugsa at 17. mai-komiteen hadde flosshattar og at Terkelsen spanderte brus på ongane.

Etter kvart kom Bedehusstyret og Fråhaldslaget og seinare også det Frilynde Ungdomslaget med i arrangementet.

Dei fyrste samlingane var i bakken bak huset i Træ. Der var rigga med talarstol med bjørkeris og flagg.

På den tida var det vanskelig å finna utsprungen bjørk 17. mai, men dei hadde spesielle bjørker som var «tidlege». Dette var forresten eit problem til langt ut på 60 talet.

Programmet var nok alt då samansett av talar og song, matøkt og leikar etterpå. Dei eg har snakka med har vage minne om flagg og finklede. Det var ikkje alle som hadde råd til å stasa seg opp, men bestekleda var nok i bruk.

Då krigen kom til Foldrøy okkuperte Tyskerane skulehuset som kaserne og dei etablerte eit vaktpunkt på Sletthaugen sidan dei hadde god utsikt til skipsleia derifrå. Undervisninga vart flytta til Bedehuset.

Slik var det fram til 1942 då tyskerane trekte seg tilbake herifrå og det vart undervisning i skulehuset på Nausthaugen igjen.

Under krigen var det fleire illegale 17.mai-feiringar i Baståsen. Om denne feiringa gjekk føre seg mens tyskerane ennå var i Skulehuset er uklårt, i tilfelle såg dei mellom fingrane til det, men det er i alle fall sikkert at det var feiring i Baståsen seinare i krigen. Men deltakarane var forsiktige, og høyrde dei flydur, gøymde dei seg under granane.

Likevel hadde feiringa i Baståsen både song og talar, matøkt og leikar, nett som i dag. Om kvelden var det ungdommane som overtok Baståsen. Då var det dans. Og der kom ungdommar gjennom skogen både frå Finnås og frå Bremnes.

Denne delen av feiringa var skipa av Fråhaldslaget og det er nokså sikkert at det også blei framført skodespel eller tablå som underhaldning. I spissen av Fråhaldslaget som seinare vart Foldrøy Frilynde Ungdomslag, var Ivar Karlsen, Leif Folgerø, Peter Andreassen og Hjalmar og Odd Myre, Karl Bjørkelund og Karl Karlsen med fleire.

I det heile var Baståsen ein samlingsplass for ungdommar frå Foldrøy og nabobygdene i ulike samanhengar til ut på 50 – talet.

Det dukka opp ein pussig historie som viser kor opptekne folk var av 17. mai under krigen. Skuleongane i Foldrøyhamn og på Gamlestølen laga sitt eige 17.mai-tog på bøen heime på Gamlestølen, men då dei høyrde flydur vart dei livredde og gøymde seg under brakane.

Som ein del av nasjonspatriotismen som rådde den gongen må me også ta med oss skildringa av feiringa på sjølve frigjeringsdagen 8. mai 1945.

Allereie om kvelden 8. mai blei det skipa fakkeltog som gjekk frå Foldrøy til Innvær. Faklane var laga av tomme hermetikkboksar spikra på ein pinne og med oljeblanda sagmugg oppi.

Det var stor glede og høg stemning i toget og Lars i Dalen og Håkon Størkson gjekk i spissen og spela.

Lars på trompet og Håkon på Trekkspel.

Stølagutane som ein kalla dei: Gunvald, Helmer og Ingvald stilte i heimefrontsuniform og heiste flagget på skulehuset. Visstnok berre på ein staur. Med sine uniformar var dei sannsynligvis midtpunkt i fakkeltoget.

På ein stad ved Ekornsæter kunne dei sjå at fakkeltoget som kom til møtes frå Rubbestadneset, gjekk over Stongavågsbrua.

Det skal ha vore både glede og høgtidsstemning i toget.

På Innvær var det samling på Skulehuset med tale av Ola Olsen frå Rubbestadneset, kor han fortalde om alt det grufulle som hadde gått føre seg både i Norge og i Tyskland. Det gjorde sterkt inntrykk på ungdommane som ikkje hadde høyrt om dette før.

Det var også lesing frå Bibelen ved Rakel Haldorsen.

Dette var få timar etter frigjeringa og nokre hugsar at det vart uro i toget då dei høyrde flydur. Uroa kom av at det framleis kunne vera Tyskerar på «frifot» og som ikkje ville overgje seg.

Men her må eg skyta inn noko som gjekk føre seg seinare på sumaren, på Jonsokafta.

Då var det stort bål på Høgestølen, og ungdommane hadde samla alt tysk propagandamateriell som låg att etter Tyskerane på skulen og i Foldrøyhamn. Dette blei brend på bålet til stor jubel og salutt frå Gunvald Solhaug sin tenestepistol.

Men berre ni dagar etter denne Fredsmarsjen til Innvær var det 17. mai-feiring og tidsvitna meiner det er det lengste 17. mai-toget som nokon gong har vore skipa på Foldrøy. Det strekte seg frå Bedehuset til Kyrkjegarden.

Toget gjekk til Mækjebakken (Korsvegen) kor ein møtte folket frå Bråtanes, Ekornsæter og Mækjebakken før ein gjekk attende til Foldrøy til song, talar, matøkt og leikar. Dette gjekk føre seg ved Bedehuset.

Eg sjølv byrjar så smått å hugsa 17. mai-feiringa frå 1948, då eg var 6 år. Det var store forventningar til denne dagen. Me fekk gjerne nye tøysko og flagg. Kvelden før var me svært nyfikne på korleis komiteen pynta rundt om festplassen. I det heile var det store forventningar knytt til feiringa. Toget starta ved Bedehuset og gjekk til Mækjebakken (Korsvegen). Der møtte Rubbestadneset Musikklag, og saman med folk frå Bråtanes, Ekornsæter og Mækjebakken gjekk ein attende til Bedehuset. Det var lettare å gå når en hadde musikk.

Rubbestadneset musikklag har teke del i 17. mai-feiringa på Foldrøy sidan 1947. Kvart år sidan har dei møtt opp, fyrst på Mækjebakken for å gå i lag med oss inn til Bedehuset, seinare møtte dei opp ved det nye skulehuset og gjekk saman med toget rundt Foldrøy. I år (2020) vert denne 73-årige tradisjonen broten.

I mange år var det salutt når toget passerte Træ. Det var tre kraftige skot frå Små-såtene. Det var dynamitt som var hengd oppi tre forskjellige bjørker. Dynamitt fyrt av i friluft small so «inni kanaen» som me sa. Dette blei slutt på eit år ei kona var «dags ventande» og ikkje skulle skremast.

Ein periode vart samlinga og seremonien rundt talen for dagen halden i Ellingstræ (der Margit og Ingvald Stølen seinare bygde hus). Eg kan hugsa at siste gong me var der, var dei flytte inn i huset. Så blei tilstellinga flytta til skråninga på andre sida av vegen, vest for Bedehuset. Etter toget til Korsvegen og attende, var det talar, musikk og song. Deretter matøkt. Om det var godt vær sat ein ute, elles gjekk ein inn i Bedehuset. Kapproing var den store attraksjonen til langt ut på 50 talet. Då matøkta var over samla folk seg i Foldrøyhamn for å sjå på dette.

I byrjinga rodde dei to båtar om kapp frå Foldrøyhamn og rundt flustaken nord om Holmen. Seinare gjekk kapproinga føre seg i Hamnavatnet med utgangpunkt ved Vassnaustet. Dette var stor underhaldning med kvass strid og mange ablegøyer.

Jenny Ørevik og Olaug Størkson var ofte i ein båt, og dei kunne finna på å vippa åra over kjeipen nett før dei nærma seg mål slik at begge for «til kantes» framover i båten til stor jubel.

Endre Blåsternes og Knut Folgerø-Holm var eit anna radarpar som var heilt umuleg å slå.

Etterpå var det ymse leikar.

For oss skuleborna var 60 meteren den viktigaste konkurransen. Komiteen kjøpte stoppeklokke slik at ein fekk tida med tiendels sekund, men kven skulle avgjerda tida til nr to? Det blei løyst ved at ein lånte Myragutane si stoppeklokka og kunne dermed få tida på begge som sprang i par. Og alle fekk premie.

Elles var det potet- plukking, egg i skei, sekkeløp og styltegåing.

Nokre år var det fotballkampar kor dei vaksne valde kvar sitt lag. Johan Ørevik var domar, og som domarfløyta hadde han ein gamal tåkelur. Dette førde til stor munterhet.

Det knytte seg også stor spenning til tautrekkingskonkurransen mellom Mækjebakken og Foldrøy.

Eit år var det sett opp ein stokk ein god meter over bakken. Der skulle to mann sitja omskrevs og prøva slå kvarandre ut av balanse med ein ullsekk. Trur det vart slutt etter at Hjalmar Myre datt ned og slo eit blodig sår i hovudet.

Fleire av informantane mine som har vore med i 17.mai- komiteen hugsar best ryddinga dagen etter. Då var det ofte ein kjekk «skalkafest».

I det heile var det litt prestisje knytt til å ta del i 17.mai- komiteen. Ja, kanskje unnateke det året midt på femtitalet kor dei grunna dårleg vær hadde lite sal, og enda opp med eit underskot.

Det var viktig å kunna driva med overskot. Difor føreslo Peter Andreassen som var formann, at komiteen skulle dela underskotet slik at rekneskapen gjekk i null. Det skal ha vore om lag ei krone på kvar. Dette vart samrøystes vedteke.

------o0o------

Foldrøyhamn 16.mai 2023. Jan Willy Folgerø-Holm

17.mai på Foldrøy.jpg
11063799_791667564274787_6521454516986463326_o_edited.jpg

Karl Folgerø , Helmer Stølen , Lars i Dalen på 17.mai-feiring i 1981.

bottom of page