
Kva skjer?
Det er mogeleg å leige både Foldrøy skule, Foldrøyhallen og grendahuskjellaren for aktivitetar. Sjå lenkjene under for å sjå kva tid lokalene er ledige.
Prisar
- Lokale frivillige organisasjonar og arrangement som er til felles glede, som til dømes 17. mai, leiger kostnadsfritt.
- Leige for enkle arrangement som bursdagar kostar kr 600 for ikkje-medlemmar og kr 300 for medlemmar av Grendautvalet.
- Leige av heile skulen ei heil helg, inkludert overnatting i klasseromma, kostar kr 4 000.
Bestilling og reglar
- Sjekk om lokala er ledige i kalenderane (separat for grendahuskjellaren og skulen/hallen)
- Bestill ved å sende ein førespurnad til Robert Marshall Hegelstad på mobil 93 23 28 69.
- Bestillinga må ha ein fastsett dato. Ein kan ikkje bestille «mai 2030» eller berre velje ein dato i tru om at ein kan endre han i etterkant. Me forstår at mange vil vere tidleg ute med konfirmasjonar, men vent til de har ein fastsett dato før de bestiller.
- Bestill seinast 2 dagar før om du ønskjer varme i bygget.
- Du vil få utlevert nøkkel. Pass godt på han til du leverer han tilbake.
- Sett deg inn i branninstruksane som heng i gangane, og gjer gjestene merksame på kvar naudutgangane er ved starten av arrangementet.
- Gjer vanleg reingjering etter deg, men det vekentlege reinhaldet av golv og toalett tek me oss av.
- Meld frå om eventuelle skadar eller manglar når du leverer tilbake nøkkelen.