top of page

Nærmiljø og aktivitetstilbod

I lista under ser du nokre av dei tilboda Foldrøy har å by på. 

Skeisebane.jpg

Tennisbane

I Skogalivegen er det ein flott tennisbane. Denne er open mellom 09.00-21.00 kvar dag heile året. Her kan ein spele tennis med flott sjøutsikt. Om vinteren har engasjerte naboar laga skeiseis på banen. Veldig kjekt for store og små!

255460522_113452417814341_5861255025880733879_n.jpg

Petanque-banar

På skuleplassen ved Foldrøy skule så finn du to petanque-banar. Dei var nye i 2021, og bygd som fyrste steg av Foldrøy Aktivitetspark.

Foldrøy har eigen petanque-klubb der alle er velkome. Meld deg inn i Facebook-gruppa for meir informasjon:

Foldrøy Petanqueklubb på Facebook.

20429669_855878887903322_312393915452959

Badeplass

Ved Foldrøyvatnet har sambygdingane laga til eit herleg badeanlegg med brygge, to stupetårn og sandstrand. 

33234764_10161215639305347_7677258504071

Fleirbrukshall

Hallen var ny i 2004 og er ein integrert del av Foldrøy skule. Hallen er eigd av Bømlo kommune. På dagtid vert hallen brukt av skulen, men kveldar og helger er den i bruk til andre aktivitetar/trening som DU kan blir med på:

  • Dametrim/Zumba

  • Fotball

  • Badminton

  • Allidrett for born

  • Ymse arrangement

Sjå aktivitetskalender her 

IMG_4107.JPG

Grendahuskjellaren

Grendahuskjellaren ligg i kjellaren på Foldrøy skule med eigen inngong på nedsida. Her er det blant anna kjøken, stove, projektor med lydanlegg og billiardbord. Dette lokalet kan leigast til ulike arrangement.

Ta kontakt med Robert Hegelstad på 93232869.

Trykk her for kalender med aktivitetar/ledige datoar

14566276_1187235498017993_8985275281356731335_o.jpg

Siggjarvåg båtlag

Om lag 2 min køyring frå Foldrøy ligg flotte Siggjarvågen. Her er det ei naturleg lun hamn der båtane er godt beskytta frå vêr og vind. 

Ta kontakt med Kjetil Hodne for å høyre om det er ledig plass til din båt: 

 

 kjetil.hodne@haugnett.no

54278026_10161706168435714_3653681451246

Foldrøy Speidaren

Foldrøy Speidarlag starta i 2019. I 2023 er dei 21 born i barneskulealder + 4 leiarar..

Eventyra er der ute! Speidar er venskap, opplevingar, samarbeid og friluftsliv. Som speidar kan du vere med på alt frå korte turar og leik i nærområde, til matlaging på bål og spikking. 

Kontakt gruppeleiar Sigurd Barane for meir informasjon.

Leikeplass på Foldrøy.jpg

Leikeplassar

På Foldrøy har me fleire leikeplassar spreidt rundt om kring i bygda.: Gjerdsåsvegen, Skogalivegen, Ørevikvegen, skuleplassen og ved SFO-bygget "Huset". 

Den største (forutan skuleplassen) ligg i Gjerdsåsen og er flott opparbeida av naboane rundt. Ein kjekk samlingsplass for store og små. Der finn du også ein gapahuk bygd i 2020. 

bottom of page