Om Foldrøy
Foldrøy (Folderøy, Foldrøyhamn) er ei bygd som ligg flott til langs sjøen på austsida av øya Bømlo, i Sunnhordland. Frå Foldrøy har ein utsikt mot blant anna Stokksundet, Dåfjorden, Stord Lufthamn Sørstokken, Fitjar- og Stordfjella og trekantsambandet. Nokre husstandar har også utsikt over Bjørnefjorden og Os.
I dag er det omlag 370 personar busett på Foldrøy. Trivsel, rik natur og godt samhald kjenneteikner bygda vår. Her er ein omgitt av vakker natur med umiddelbar nærleik til sjø, skog og vatn. Det er heller ikkje langt til Bømlo sitt høgaste fjell; Siggjo (474 moh).
Tilkomst til Foldrøy
Foldrøy er plassert med 10 min køyring til Svortland, 15 min til Heiane og 20 min til Leirvik. I 2017 opna ein stor del av vegprosjektet "Bømlapakken" med ny hovudveg mellom Siggjarvågen og Stokkabekken. Den nye vegstrekninga har flytta gjennomfartstrafikken ut frå bygda vår og ligg no svært praktisk til for oss på Foldrøy. Bussrutene går fortsatt på den "gamle" vegen.
Tvers over Stokksundet frå Foldrøy ligg flyplassen Sørstokken. Dette er ei populær pendlerrute til Oslo (55 min) med daglege avgongar fram og tilbake.
Frå Rubbestadneset (10 min frå Foldrøy) går det hurtigbåt i rute til Bergen. Turen tek omlag 1,5 t.
Nokre praktiske lenkjer for kollektivtransport
- Bussruter Skyss: Linje 620 - Svortland til Leirvik
- Flyavgongar Stord Lufthamn
- Hurtigbåt Rubbestadneset - Bergen
59°47'39.1"N, 5°18'19.1"E
Visste du at?
Foldrøy har ein aktivitetskalender og eit rikt organisasjonsliv som gjer bygda til ein god plass å bu for både barnefamiliar og eldre.